I all æve


No skodar eg syner so tindrande flott
som kveldsola stille meg sender
I havet ligg draumar av evige slott
dei glødar til heimlege strender

Eg kjenner på lukka i himmel og nut 
dei lyset og varmen meg tenner
No hugsar eg gleda eg hadde som gut
då livet mitt stråla av venner

Sjå solbrune jenter med eggande smil
i elding på havyta dansar
Til songar av kjærleik frå tusande mil
eg visseleg høyrer og sansar

Dei mjukaste former renn tankane fri
vi smeltar til eitt her i kvelden
Og timar står stille i rein fantasi
eg ottast ei pinsler og elden

Ja hit vil eg koma når livsdagen renn
når jordiske sansar tek ende
Sjå himmelske salar som lyser og brenn
i takksemd til åra han sende

Tekst og foto
G.Skaar


Søt som vin


Stille varleg vaknar dagen
Roser raude på mitt kinn
Stjerner blunkar lyse netter
Himmellògen tonar inn

Gryet skjenkjer nye vengjer
Livet glødar solblått smil
Sola eldar endeløyse
Tankehavet sluker tvil

Vassblank pirrar nattedoggen
Lufta angar søt som vin
 Fjella tenner danselyster
Stjerneheimen atter min

Tekst og foto 

G.Skaar

Lengt


Eg lengtar til ein vakker ven
om livet skin av glede
For tanken gjer ho alltid pen
frå landet mitt her nede

Ho skin som smilet på min munn
av hjartevarmen ærleg
Ei morgonstund eg fann eit funn
eg elskar sårt og kjærleg

Ho skrinn og tynn og einsam er
av svik ho aldri visste
Men augo brenn av lyset kjær
som gull på havsens kiste

Når hausten malar hennar lei
eg flagget mitt kan heise
Ja elskar du så finn du vei
 til lukke på di reise

Tekst og foto
G.Skaar


Kjærleik


No helsar vi Dalsfjorden levande glad
han vinkar i morgonen fager
Og bygdene jublar av nysprotne blad
i fridom frå vinterens plager

Kjenn angen frå fjæra av solvarma tang
og bøane smiler til møte
Og tjelden han knepper sin gladaste sang
no yrer det liv ut av røte

Eg skodar ei jente frå fjelltoppen min
ei blendande godlynte frille
Ho svever av lyster i vårbrisen linn
frå fjella til fjorden den stille

Det blussar i minnet ein lystige trall
av rytmer frå ungdomens sødme
Og latteren trillar i himmelens hall
til morgonens eldande rødme

Eg vandrar det grøne og doggfriske gras
som pirrar dei barføtte føter
Eg seglar på fjorden til Palma la Paz
til Flekke og søtlege møter

Eg kysser i varsemd eit solstrålekinn
ja stjerner eg vitterleg sansar
I hugnad for fjorden eg draumane finn 
som lamma eg hoppar og dansar

Mi lukke er våren eg kjenner av lyst
i takksemd til landet av velde
Når songfuglar kvitrar i morgonen tyst
eg livskrefter finn i mi kjelde

Tekst og foto
G.Skaar


Solblomen


No tindrar bekkeblomar tyst i flora
framom tærne eg står
Eg legg nasen min so vàrt mot jorda
angar gledene av vår

Dei skin av vènleik stilt på ferda
fargar dagen på mitt kinn
Dei rekker hendene til verda
 stunder vene i mitt sinn

Tekst og foto 
G.Skaar


Leve våren


Eg løfter mitt blikk mot den strålande dagen
den brenn som eit under for alle
Eg ligg her i graset med hender på magen
og sola ho steikjer min skalle

Eg ser ut i draumar av spirande flora
som vinkar i vårbrisar varme
I bjørka på tunet so skvaldrar den skjora
og tergar på kattane harme

Det beinflyg ei fluge med kvinande låtar
som bulder i vårvàre øyre
På fjorden det dunkar av nylakka båtar
den vakraste vårlyd eg høyre

Frå fjella eg lyer ei klukkande læte
av bekkar som lysteleg fløymer
Og gylla den luktar og bøane væte
so grasstråa grøderikt strøymer

Det brækar av sauer med sprengfylde spener
so lamma med halane tirrar
Og sonen i huset med nyfrelste gener
han lettkledde jentene pirrar

Trompeten til frua eg brått lyer sanse
eit vitne om godhuga hjarte 
Det iler i tanken ei bankande transe
av vårdagar rike og bjarte

No yrar det glede av livslyse stunder
so vårgraset kitlar min tanke
For solkjære fuglar eit lukkeleg under
som vårdagar sorgfrie sanke

Tekst og foto 
G.Skaar

Lysten


Eg rullar meg lysten i haustfarga gras 
og nynnar ei strofe til synet 
Den strålande dagen er blotta for mas 
og tankane klåre som lynet 

Den glødande sola er rus for mitt mot 
den haustbrune yta mi vogge 
Eit kjensleslott fagert av salig ei bot 
som nonsens og motløyse stogge 

I glansen av morgon syng vinden i hei 
dei gladaste sorglause tonar 
Frå kimen i fjella på langande lei 
renn draumar av alt kva eg vonar 

Ved fjorden ligg vårdagen stille i fryd 
ja dette er alt kva eg lyste` 
Og tankane bivrar i alderens dyd 
frå blodet eg kjenner i bryste` 

Takk Gud at eg levde og tider eg fekk
av ungdom og elde i lukke
Når fàra står kalde frå åra eg gjekk
eg pinsler av alderdom slukke

Tekst og foto 
G.Skaar

Heftig romanse


Livet er kunst i balanse
med langdryge bakkar å gå
Men eg har ein heftig romanse
ved gjela dei bratte og blå

Spenning eg finn ut på kanten
eit flògsug i mage og tå
Der nede ligg fjorden min santen
i vårskrud så vakker å sjå

Graset til kyrne dei gyller
Ein traktor eg lyer her frå
Ein tanke til bonden meg fyller
til minner om silo og ljå

Sola og draumane strålar
blant mennesker store og små
Der ute på egga eg målar
ei kjelde til lystenes å

Tekst og foto
 G.Skaar


Ei gamal hand


Du kjære gamle skrukne hand
som varmar meg i vinterland
Seint kom våren hit i år
 no skin sola i mitt hår

Du vaktar kjærleg tru mi krå
når vårsol blenkjer mine små
Blomar tandre andar ut
du står att med sorg og sut

Di kraft vil alltid følgje meg
ei farmor viser livets veg
Stolt eg ser ditt andlet vis
rynker skin i kjærleiks pris

Tekst og foto 
G.Skaar

Arven av vår


Eg kjenner det hamrar i hjarta dei slag
frå minner om landet som lysnar av dag
Ja livet det glødar av kjærleiken stor
til vener og kjære på land og ved fjord

Eg ventar deg borte ved grinda åt far
På leiting i landskap med blømande svar
Dit minnene speglar si stendige makt
hjå vaktar av kjelde til visdom og prakt

Dei livgivne draumar er fødde i deg
er fostra i kjærleik på grøderik veg
Dei vårlege fargar skal varma ditt sinn
og kjærlege vindar skal stryka ditt kinn

Min lengt går til dagar av brusande vår
eg aldri skal tenkja på gamale sår
Hei sola - der kjem du - i morgonen blid
no haustar vi draumar til æveleg tid

Tekst og foto 
G.Skaar 

Lukkeleg som liten


Eg er lokalpatriot
Eg skal heim til HAFS
Og Alden
Til Sjølve Sunnfjord
Eg er lukkeleg som liten
Mamma seier -
eg skal alltid vere min eigen sjef

Tekst og foto
G.Skaar


Sjefen min


Sjefen min

Sjefen min var ein god sjef
Ho styrte skuta i ukjende farvatn
Når eg segla feil viste ho meg leia
Frå opprørt hav til stilla
Frå blankstilla i Værlandet til Køben

Sjefen min var her. Kvar stille morgonstund. Oss to i lag. Nær. Kjær.
Når eg såg ho i auga såg eg meg sjølv.

No reiser sjefen sin veg. Snart eg òg. Til ein ny vår. Nye vårar.
Det kjem alltid ein ny vår. Og verda er rund.
Sjefen min var ein god sjef.
Som alle reiser er ein omveg heim.

Juno


Eg klatra eit fjell og såg kjærleiken stor
ho stråla av blendande frelse
So brått lydde songen av genius kor
ei kveikje av lyster og helse

Som bergteken sat eg på næraste klett
til koret av stemmene spakna
Det strøymde av spaning i panna mi sveitt
til hovudet endeleg vakna

Kom Juno kom Juno eg ligg på mitt kne
og lat oss no dagane male
Som kongen han snakkar til skogen av tre
eg brått høyrer stemma mi tale


Ein flammande kjærleik vart æveleg fødd
kom skodde og vintrane harde
På toppar eg skodar er tanken ei mødd
kom lokkande englekor klare

Med eitt var ho borte min nyvunne skatt
i vinden som kviskrar i fjellet
Men Juno den fagre eg møter nok att
når solstrålar skjenkjer meg hellet

Tekst og foto
G.Skaar

Ein halvdaud helt


Skrukken av lærdomen vis
dagleg av livet sin pris
Mager og ynkeleg svak
beina or skinnet der bak

Hundsa med livet i brann
livredd for kvinne og mann
Kula tok maken hans fru
livsmotet framtid og tru

Ulven han uler seg hås 
einsam mot måne og ås
Sjukleg av mangel på mat
vètskremd av trongsyn og hat

Tekst og foto
G.Skaar




Jesus og Listhaug (eller Kjærleiken og Hatet)


Ein regntunge tur ut til havet i vest
gav syner forunt både lensmann og prest
Den heilaga dagen i trua på jul
gav englar som dala frå himmel i skjul 

Blant røter av ròte so daude av liv
og visnande haustløv og vinkande siv
Sprang livet so andelaust midt meg i mot
det var som om Jesus var vakna på rot

Om jorda vår kokar av terror og naud
spratt Jesus frå dauden i blomen so raud
Ja håpet det lever so visst for din fot
om dagar er svarte av hatet sitt blot

So turen gav meining av hjarteleg slag
for hatet skal slokne kvar einaste dag
Og flyktningar skin ut av lukke so stor
om Listhaug er fanden sin utsende mor

Tekst og foto
G.Skaar