Hjartebrann


I dagning svarar du ja
Dagen med deg vil eg ha
Døsande vaknar du til
Kjælen og stundom so vill

Ukrenkt ligg du og skin
Tindrande vakker og fin
Æveleg gamal og grå
Lukkeleg visdom å sjå

Furene lyser i dag
Åra gror snare i lag
Auger av klarsyn og mot
Spirer i sinn og i rot

Min Hebe i alder og vår
Kjærleikens kjelde du rår
 Flammande kjensler for deg
Glede du gir på min veg

Tekst og foto G.Skaaar

Ingen kommentarer: