Jenter og døden


Du kviskrar meg godord og søkjer mi hand
eg tenkjer på lyseblå tider
Frå turar og minner om kvinner og land
i boka av barnslege sider

Frå kyssa so ømme kom leiken med hud
til sjela sprang berrføtt  i skogen
For livet det vakna og borte vart gud
av herlege jenter so mogen

Men sola ho vaknar og ender i hav
frå skapnad er soldagar like
Vi spirer om stormen tek sola i grav
av uvèr veks blomane rike

 Ja, sorger og gleder ligg ankra i sinn
i døden må alle åleine
Om hender er varme når sola forsvinn
vert tankane klåre og reine

Tekst og foto 
G.Skaar


Ingen kommentarer: