Lengtande naken


Varm er di lukt av eksotisk jasmin
morgonen vaknar i deg
Himmelen glødar av kjærleiken din
lengtande naken er eg

Kvil med meg kjære til lystene riv
hjartet mitt tagnar so fort
Stryk meg i varsemd til evige liv
strålestund varer so kort

Segl duvar bleike på blåopne hav
hanane gjel i kvar krå
Takksam eg er for den gåva du gav
einsam eg dreg her i frå

Tekst og 
foto G.Skaar


Ingen kommentarer: