Juno


Eg klatra eit fjell og såg kjærleiken stor
ho stråla av blendande frelse
So brått lydde songen av genius kor
ei kveikje av lyster og helse

Som bergteken sat eg på næraste klett
til koret av stemmene spakna
Det strøymde av spaning i panna mi sveitt
til hovudet endeleg vakna

Kom Juno kom Juno eg ligg på mitt kne
og lat oss no dagane male
Som kongen han snakkar til skogen av tre
eg brått høyrer stemma mi tale


Ein flammande kjærleik vart æveleg fødd
kom skodde og vintrane harde
På toppar eg skodar er tanken ei mødd
kom lokkande englekor klare

Med eitt var ho borte min nyvunne skatt
i vinden som kviskrar i fjellet
Men Juno den fagre eg møter nok att
når solstrålar skjenkjer meg hellet

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: