Leve våren


Eg løfter mitt blikk mot den strålande dagen
den brenn som eit under for alle
Eg ligg her i graset i grønkande hagen
og sola ho steikjer min skalle

Eg ser ut i draumen av spirande flora
som vinkar i vårbrisar linne
I bjørka på tunet her skvaldrar no skjora
ho kattane tergar til sinne

Det beinflyg ei fluge med kvinande låtar
som buldrar i vårvàre øyre
På fjorden det dunkar frå nylakka båtar
den vakraste vårlyd eg høyre

Frå fjella eg lyer ei klukkande læte
av bekkar som leikande fløymer
Og gylla ho luktar av stinkande væte
so grasstråa grøderikt strøymer

Det brækar av sauer med sprengfylde spener
so lamma med halane tirrar
Og sonen i huset med nyfrelste gener
han lettkledde jentene pirrar

Trompeten til frua eg brått lyer sanse
eit vitne om lysteleg hjarte 
Det ulmar i tanken ein bankande transe
av vårdagar rike og bjarte

No yrer det glede av livslyse stunder
so vårgraset kitlar min mage
For solkjære fuglar eit lukkeleg under
som sorgfrie dagar kan lage


Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: